Løypemelding: Silja Sol
Foto: Øystein Grutle Haara
Folk me likar snakkar om ting dei likar.
Stødig leverandør av herleg hektande, og passe småfinurleg popmusikk, på sitt deilige morsmål. Med signatur i kvart pennestrøk er Silja Sol Dyngeland (30) aktuell med sitt fjerde album, flotte «På ekte».
– Hugsar du første plata du fekk skikkeleg fot på?
– Destiny’s Child si «Survivor»-plate var eg heilt fengsla av. På CD. Full guffe på den vesle cd-spelaren min, på det vesle rommet mitt, kvar dag etter skulen.
Tilsvarande – di siste oppdaging?
Sufjan Stevens si «Carrie & Lowell»-plate har gjeve meg mykje ro og glede i det siste.
Sist gong du fekk gåsehud på konsert?
– Då korona kom blei det halde ein del online-konsertar, og Misty Coast var heilt suverene på den nære, gode vibben via skjermen. Skikkeleg gåsehud og nydeleg samspel i duo-format.
Kva film har du sett flest gongar i ditt liv?
– Det står mellom «Corpse Bride» (Tim Burton), «Fantastic Mr. Fox» (Wes Anderson) og «Interstellar» (Christopher Nolan). Då eg var liten var det «Robin Hood», «Muldvarpen» og «Jul i Skomakergata» (heile året) det gjekk i.
Du får lov å ta med deg éin forfattar sin bibliografi til ei aude øy.
– Astrid Lindgren.
Har nokon fått deg til å mista munn og mæle, berre ved å glimra med sin nærleik?
– Alle moglege folk, heile tida.
Kva for ei legende, levande eller daud, skulle du helst ha stilt eit par velvalte spørsmål?
– Skulle gjerne hatt ein prat med Meryl Streep, ho er heftig rå! Same med Astrid Lindgren. For ein fantasi og litt av eit karakter-galleri ho greidde å skapa. Skulle spurt ho om livet og sånt.
Kva ser du på for tida?
– Gamle musikalklassikarar.
Er det nokon du synest får litt lite merksemd, og som du vil gi litt meir no som du kan?
– Skomakarar generelt. Dei fiksar så mangt. Handverkarar òg.
Er det noko du sjølv har gjort som du tenker fortener litt ekstra merksemd, medan me er i gang?
– Eg synest den nye plata mi «På ekte», skrive med Fredrik Vogsborg, er ei veldig fin plate. Den fortener ein lytt.
Les fleire løypemeldingar her.
Publisert 27. september 2020